Voss Resort investerer 5 millionar i lysanlegg

Foto: Per Finne

Nytt for sesongen blir ei større satsing på park på Slettafjellet. Nedre del av løypa vil bli tilrettelagt med både snøproduksjon og lys. Kveldsproduktet vert utvida til 3 kveldar i veka. Tirsdag, torsdag og fredag.

Fredagar vil heile anlegget vera ope frå kl 09:30 til 21:00. 

-«Kafeen på Storastova vil då vera open under kveldskøyringa. Dette er eit nytt tilbod på Voss. Føresette kan ta med seg borna på ski midt i veka, eta kveldsmaten på fjellet og legge nøgde born så snart dei kjem heim», seier Marknadssjef Synva Vinje i Voss Resort.
Dei minste får no 2 områder på kveldstid. I tillegg til Grebbesbakken i Bavallen, vil me også kunna tilby Badnakrokjen på Slettafjellet når det no blir bygd lys og snøanlegg der», legg ho til.

Lyset er såkalla metallhalogen. Kvart lyspunkt trekker 150 W noko som er svært energiøkonomisk. Forbruket på ein kveld blir rundt 60 KW for 120 lyspunkt. Dette er mindre enn straumforbruket i eitt hus på eit døgn (snitt på 68 KW i følgje SSB)
Så snart forholda ligg tilrette vil me starta opp kveldskøyringa kommande sesong.

Sjekk reklamefilmen me har laga: https://www.youtube.com/watch?v=WJSoZcMS2qM

Meir informasjon kontakt:
Dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar AS, Anna Bryn, tlf. 975 99 504 Marknadssjef i Voss Resort AS, Synva Vinje, tlf. 992 63 724